4 000 brukar ordbokappen dagleg

Publisert:31. januar 2019Oppdatert:31. januar 2019, 10:30
Ordbokappen har no vorte lasta ned 70 000 gongar. Desse jobbar med å oppdatera innhaldet. Frå venstre hovudredaktør Margunn Rauset, leksikograf Tor Erik Jenstad, Bjørghild Kjelsvik, leksikograf som har vore med på forprosjektet, Oddrun Grønvik, leksikograf med lang røynsle frå Norsk Ordbok og UiO, leksikograf Gunn Inger Lyse, leksikograf Kari-Anne Selvik, Terje Svardal, leksikograf knytt til både ordbøkene og språksamlingane, Bente Selbach og Anne Engø, begge leksikografar.

70 000 nordmenn har lasta ned appen Ordbøkene. No har appen om lag 4 000 daglege brukarar.

Totalt vart det gjort 45 millionar søk i Bokmålsordboka og Nynorskordboka i 2018. Kvart tredje av desse søka kom via appen Ordbøkene. Det kjem fram i ei pressemelding frå Språkrådet og Universitetet i Bergen.

UiB overtok ansvaret for ordbøkene samstundes med at dei fekk språksamlingane frå UiO i 2016. Hausten 2017 vart appen lansert, og er no lasta ned over 70 000 gongar. Dagleg er det opp mot 4 000 brukarar som nyttar ordboksappen.

– Det betyr mykje for oss å nå ut på digitale plattformer slik at særleg barn og unge får gode verktøy til å verta trygge språkbrukarar, seier Åse Wetås, direktør i Språkrådet, i pressemeldinga.

Wetås seier òg at  Bokmålsordboka og Nynorskordboka er hovudkanalane Språkrådet har for å formidla normene i nynorsk og bokmål, og at det er gledeleg at dei vert brukt. Totalt har ordbøkene 125 000 søk dagleg.

– Lærarar har fortalt om elevar som ikkje har brukt ordbøkene på nett, men som nytta rappen. Me oppmodar fleire lærarar til å motivera elevane til å prøva ordbokappen, seier Margunn Rauset i pressemeldinga.

Rauset er hovudredaktør for revisjonen av ordbøkene.

Meld deg på vårt nyhetsbrev og få oppdateringer rett til din e-post!

Abonner på På Høyden nyhetsbrev feed