Meiner UiB bør ta over Det norske institutt i Aten

Publisert:20. februar 2019Oppdatert:21. februar 2019, 12:17
Akropolis, på høgda over dagens Aten, er lite endra sidan 1989. Men det norske instituttet i byen vert no føreslege endra. Foto: Colourbox

Det norske institutt i Aten bør ikkje leggast ned. Men det skal vidareførast som ein rein infrastruktur knytt til arkeologi. Det har UiB og UiO vorte samde om.

Først trekte Universitetet i Tromsø seg ut, og NTNU trekkjer seg frå hausten. Då vert det berre UiO og UiB att på lista over eigarar av Det norsk institutt i Aten (NIA). Instituttet fyller 30 år i år, og ser ut til å leva fram til jubileet – men berre så vidt. Universitetsstyret skal torsdag handsama ei sak om NIA. I sakspapira går det fram at det vert tilrådd at senteret skal overleva, men at aktiviteten vert sterkt redusert.

Rett til feltarbeid

På Høyden har dei siste åra skrive fleire saker om utanlandssentra. Det er fleire av dei, og dei er organiserte på høgst ulikt vis. I 2014 kom eit utval ved UiO med framlegg om at universitetet skulle trekkja seg frå samarbeidet om senteret i Caen. Året etter hadde fleire av universiteta sine eigne evalueringar av deltaking i dei ulike sentra. For UiB viste det seg at fleire av sentra er mindre brukt enn før.

I 2016 kom det ein rapport som sa at studiesentra ikkje burde leggast ned – endå. Men det vart tilrådd ei ny vurdering av sentra i Aten og St. Petersburg. I fjor vedtok styret for Det norske universitetssenteret i St. Petersburg at senteret skal leggast ned. Dette skjedde etter at russiske styresmakter kasta ut ni norske studentar i desember 2017.

I følgje statuttane skal NIA driva forsking, undervisning og formidling knytt til kultur og samfunn i Hellas og Middelhavområdet, ha ansvar for publisering innan relevante fagområde og tena som fagmiljø og kontaktorgan for forskarar og studentar ved norske universitet og høgskular. I tillegg har NIA rett til å på vegne av norske universitetsmiljø søkja om løyve til å driva arkeologisk feltaktivitet i Hellas.

Denne retten er hovudargumentet for at ein ikkje bør legga ned heile instituttet. I sakspapira vert det peika på at i dag er interessa for arkeologiske prosjekt i Hellas lita blant norske forskarar, men at dette kan endra seg.

Fem millionar i budsjett

Midt i januar hadde leiinga ved UiO og UiB eit møte. Der var det semje om at ein skal vidareføra senteret i Aten som rein infrastruktur. Det vil seia at ein får følgjande mandat:

  • Naudsynt bistand for å oppnå løyve til utgravingar
  • Tilgang til samlingar og museum for norske miljø
  • Deltaking i det felles, nordiske biblioteket

Men ein skal ikkje lenger har ein eigen utsendt leiar ved senteret, slik ein har i dag. Perioden for sitjande senterleiar er forlenga ut 2020, deretter skal behova knytt til infrastruktur dekkast av lokalt administrativt tilsette, primært ei stilling, heiter det i referatet frå møtet.

I dag disponerer NIA to bilar, to leigde leilegheiter og to eigde leilegheiter. Ved å kvitta seg med dette er målet at instituttet skal kunne driftast med ei budsjettramme på 2-2,5 million kroner i året. I 2019 er budsjettet fem millionar, der UiB betalar 1,7.

UiB har hatt det administrative ansvaret og i tillegg styreleiar for NIA. UiO har formelt vore eigar av bygningane. No er planen at UiB formelt skal overta eigarskap for senteret. UiO skal betala brukaravgift for å sikra tilgang for sine miljø, og UiB skal utarbeida brukaravgifter for eksterne institusjonar.

Reaksjonar frå fleire kantar

Etter at På Høyden skreiv saka, kom det reaksjonar.

Professor Einar Thomassen ved Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap reagerer i kommentarfeltet til På Høyden på at instituttet vert ei rein administrativ serviceteneste for arkeologiske prosjekt, styrt frå UiBs økonomiavdeling.

 «Skal instituttet oppfylle sine oppgaver overfor de norske fagmiljøene, vil det være behov for et faglig tilsyn av ett eller annet slag. Universitetsstyret bør be om at det fremlegges forslag til hvordan dette behovet kan imøtekommes. Det trenger ikke være i form av en heltidsansatt styrer som i dag», skriv Thomassen.

Førsteamanuensis ved Institutt for arkeologi, konservering og historie ved Universitetet i Oslo, Knut Ødegård, meiner i same diskusjonstråd at det er høgst uklart om Athen-instituttet faktisk kan vera ansvarleg for søknadar om arkeologiske prosjekter til det greske kulturdepartementet utan ein fagleg leiar.

 «Dessuten må man si at den skisserte planen om at arkeologiske prosjekter selv skal finansiere alt og at dette skal fremgå av prosjektkontraktene er høyst urealistisk. Ingen av de arkeologiske prosjektene ved Athen-instituttet gjennom 30 år har hatt slike muligheter. Dessverre er det også slik at vi som har faglige interesser i Hellas både ved UiO og UiB aldri har blitt involvert i denne prosessen. Dermed ser det også ut til at vi ender opp med en situasjon som kan paralysere all virksomhet i Hellas framover», skriv Ødegård.

Saknar fagleg styring

Og professor Thomassen i Bergen er også kritisk til at det ikkje blir lagt opp til noen form for fagleg styring av, eller tilsyn med , verksemda i Athen.

«Dette kan ikke være tilfredsstillende når instituttets formål er av faglig karakter – ikke bare med hensyn til arkeologi, men også fordi, som det står i saksforelegget, det må ‘anses som både faglig og kulturpolitisk viktig å opprettholde den forbindelse til den antikke greske kulturen som instituttet representerer’».

Han meiner også at aktiviteten ved instituttet aldri har vore høgare enn no.

Instituttet i Athen blir no drive og finansiert av Universitetet i Bergen, Universitetet i Oslo og NTNU .

Saka er oppdatert.